YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 2

2
Anden kjem pinsedagen
1 # 3 Mos 23,15ff # 2,1 pinsedagen femti dagar etter påske. =festar og høgtider. Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2#2 Mos 19,16 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4#4 Mos 11,25; Matt 3,11; Apg 1,5; 4,31; 10,44ff; 19,6 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
5I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. 6Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. 7#1,11 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? 9#2,9–10 Kappadokia, Pontos, Asia, Frygia, Pamfylia namn på område i Vesleasia. Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11#Sal 105,1#2,11 proselyttar =ikkje-jødar som har gått over til jødedomen. Jf. 6,5; 13,43. jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» 12Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?» 13Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»
Peter talar på pinsedagen
14 # Joel 1,2 Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:
«Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine! 15#2,15 tredje timen ca. kl. 9. =tidsrekning. Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
17 # Joel 3,1ff I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,
at eg auser ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal profetera,
dei unge skal sjå syn,
og dei gamle skal drøyma draumar.
18 Sjølv over slavane og slavekvinnene mine
vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,
og dei skal tala profetord.
19 Eg set varsel oppe på himmelen
og teikn nede på jorda,
blod og eld og røykskyer.
20 Sola skal bli omskapt til mørker
og månen til blod
før Herrens dag kjem, den store og strålande.
21 # Rom 10,9ff Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal bli frelst.
22 # Luk 24,19; Joh 3,2; Apg 10,38 Israelittar, høyr desse orda! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn som Gud lét han gjera blant dykk. Dette kjenner de sjølve til. 23Han vart utlevert til dykk, slik Gud på førehand fastsette og kjende til, og ved hjelp av hendene til lovlause nagla de han til krossen og drap han. 24#2,32; 3,15; 4,10; 10,40; 13,30.34; 17,31; 1 Kor 15,15 Men Gud reiste han opp att og løyste han frå dødsriene. Døden var ikkje sterk nok til å halda på han. 25#Sal 16,8ff For David seier om han:
Alltid har eg Herren for auga,
han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.
26 Difor var det glede i mitt hjarte og jubel på mi tunge,
ja, sjølv kroppen skal slå seg til ro med von.
27 Du skal ikkje la mi sjel bli verande i dødsriket.
Du skal ikkje la din heilage sjå forròtning.
28 Du har lært meg å kjenna livsens vegar.
Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.
29 # 1 Kong 2,10; Apg 13,36ff Brør, lat meg tala ope og rett fram til dykk om David, stamfaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hos oss den dag i dag. 30#2 Sam 7,12; Sal 132,11 Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja hans livsfrukt på trona hans. 31#Sal 16,10 Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle bli verande i dødsriket, og det var kroppen hans som ikkje skulle sjå forròtning. 32#1,8+; 2,24+ Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om. 33#Matt 26,64; Mark 16,19; Apg 1,4f; 2,1ff; 5,31; 7,55; Rom 8,34; Ef 1,20; Fil 2,9; Kol 3,1; Hebr 1,3; 8,1; 10,12; 12,2; 1 Pet 3,22 Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Far sin Den heilage ande som var lova, og den har han no aust ut. Det er dette de ser og høyrer. 34#Sal 110,1; Matt 22,44; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13 For David fór ikkje opp til himmelen, men han seier:
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
35 til eg får lagt dine fiendar
som skammel for dine føter.
36 # Fil 2,11 Så skal heile Israelsfolket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort til både Herre og Messias.»
37 # Luk 10,25+; Apg 16,30 Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjartet, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?» 38#Matt 3,2+; Apg 3,19; 5,31; 10,43; 13,38f; 17,30; 26,18 Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve. 39#Joh 10,16; Rom 9,4; Ef 2,12f For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.» 40#5 Mos 32,5; Matt 17,17; Fil 2,15 Også med mange andre ord vitna han for dei og formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde slekta.» 41#2,47; 4,4; 5,14; 6,7; 9,31; 11,21ff; 16,5; 21,20 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.
Fellesskapet mellom dei truande
42 # 2,46; 20,7 # 2,42 brødsbrytinga vanleg namn på nattverden. Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. 43#5,11; 19,17 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44#4,32ff Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46#Luk 24,53 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. 47#5,13f Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

Currently Selected:

Apostelgjerningane 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy