YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 19

19
Herren bergar Jerusalem
1 # Jes 37,1ff # 19,1 reiv … sekkestrie >6,30. Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, kledde seg i sekkestrie og gjekk inn i Herrens hus. 2Så sende han borgherren Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i sekkestrie, til profeten Jesaja, son til Amos. 3Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, straff og vanære; for borna er komne til livmormunnen, men det finst ikkje kraft til å føda. 4Kanskje Herren din Gud har høyrt alle dei orda kommandanten har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å håna den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den resten som enno er att!»
5Då mennene til kong Hiskia kom til Jesaja, 6sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei orda du har høyrt, dei hånsorda som mennene til assyrarkongen har tala mot meg. 7No skal eg gje han ein tanke. Han skal høyra eit rykte og venda attende til sitt eige land, og der vil eg la han falla for sverd.»
8Då kommandanten fekk høyra at assyrarkongen hadde brote opp frå Lakisj, drog han bort og fann kongen i kamp mot Libna. 9#2 Krøn 32,17; Jes 37,9ff#19,9 Kusj stormakt sør for Egypt som styrte over Egypt ca. 760–656 f.Kr. Jf. Jes 11,11; 18,1. Kongen fekk no meldinga om at Tirhaka, kongen i Kusj, hadde teke ut for å kjempa mot han. Då sende han igjen bod til Hiskia og sa: 10«Så skal de seia til Juda-kongen Hiskia: Lat deg ikkje lura av din Gud som du stolar på, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen. 11#19,11 slege med bann og øydelagt =bann. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og du skulle bli berga? 12#19,12 Gosan … Telassar stader i Syria og det nordvestlige Mesopotamia. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Harran og Resef eller innbyggjarane frå Eden i Telassar? 13Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»
14Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene hadde med seg, gjekk han opp til Herrens hus og breidde det ut for Herrens andlet. 15#Sal 80,2; 99,1 Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane. Du åleine er Gud over alle kongerike på jorda, du som skapte himmelen og jorda. 16Herre, vend øyret til og høyr! Herre, lat opp auga og sjå! Høyr dei orda som Sanherib har sendt for å håna den levande Gud. 17Herre, det er sant at kongane av Assur har lagt både land og folkeslag øyde 18#Sal 115,4 og kasta gudane deira på elden. Men dei er ikkje gudar, berre verk av menneskehender, laga av tre og stein. Dei har dei øydelagt. 19Men du, Herre, vår Gud, frels oss no frå handa hans, så alle kongerike på jorda kan skjøna at du, Herre, berre du er Gud.»
20 # Jes 37,21ff Då sende Jesaja, son til Amos, dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sanherib, kongen av Assur. 21Dette er det ordet Herren talar mot han:
Jomfrua håner deg,
dotter Sion spottar deg,
dotter Jerusalem rister på hovudet.
22Kven er det du krenkjer og vanærar?
Kven ropar du opp imot?
Høgt lyfter du auga
mot Israels Heilage.
23Du lét dine sendemenn spotta Herren
og sa: «Med mine mange vogner
drog eg opp til dei høgaste fjella,
til Libanons fjernaste trakter.
Der hogg eg ned høgvaksne sedertre
og dei finaste sypressar.
Eg nådde den fjernaste kvilestad
der skogen stod tjukkast.
24Eg grov og drakk
av framandt vatn.
Med fotsolane tørka eg ut
alle elvane i Egypt.»
25Har du ikkje høyrt det?
Eg gjorde det for lenge sidan,
eg forma det i eldgammal tid,
og no lèt eg det skje.
Så kunne du øydeleggja festningsbyar
og gjera dei til ruinhaugar.
26 # Sal 92,8; 129,6 Dei som budde der,
stod med kraftlause hender,
fylte av skrekk og skam.
Dei vart som graset på marka,
grøne vekstar og graset på tak,
som svid av før det veks til.
27 # Sal 139,2f Om du sit, kjem eller går,
veit eg det
– og om du rasar mot meg.
28Men fordi du rasar mot meg
og ditt overmot har nådd øyra mine,
set eg ring i nasen din
og legg beksel i munnen.
Så fører eg deg tilbake
den vegen du kom.
29 # Jes 37,30ff # 19,29 du kong Hiskia. Dette skal du ha til teikn:
Første året skal de eta korn som veks av seg sjølv,
andre året kornet som veks av det att,
men tredje året skal de så og hausta,
planta vinmarker og eta frukta!
30Den rest av Judas hus som blir berga,
skyt på nytt djupe røter,
greinene ber frukt.
31 # Jes 9,7 For frå Jerusalem kjem ein rest,
frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.
Herren skal gjera dette
i sin brennande iver.
32Difor seier Herren om assyrarkongen:
Han skal ikkje koma inn i denne byen
og ikkje skyta ei pil dit inn.
Han skal ikkje gå imot han med skjold
og ikkje reisa opp ein voll imot han.
33Den vegen han kom, skal han venda attende;
i denne byen skal han ikkje koma inn,
seier Herren.
34 # 20,6 Eg vil verna denne byen
og berga han
for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.
35 # 2 Krøn 32,21ff Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle dei døde kroppane som låg der. 36Då braut assyrarkongen Sanherib opp og drog heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.
37 # Jes 37,38 # 19,37 Nisrok namn som ikkje er kjent frå andre kjelder, kanskje ei forvansking av eit gudenamn, Marduk eller Nusku. Ein gong medan han bøygde seg og bad i tempelet til Nisrok, guden sin, hogg sønene hans, Adrammelek og Sareser, han ned med sverd. Dei flykta til Ararat-landet. Og Asar-Haddon, son til Sanherib, vart konge etter han.

Currently Selected:

2. Kongebok 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy