YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 2

2
1 # 12,21 # 2,1 koma … ein gong til Paulus hadde vitja forsamlinga i Korint éin gong etter at han skreiv 1 Kor, jf. 13,2. Møtet hadde vore smertefullt, jf. 2,1–11, og var truleg grunnen til «tårebrevet» som han omtalar i 2,4. Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville koma og gjera dykk sorgfulle ein gong til. 2Om eg gjev dykk sorg, kven skal då gjera meg glad, om ikkje den eg har gjort sorgfull? 3#2,3 eg skreiv eit brev som vi ikkje lenger har, skrive etter 1 Kor. Og nett difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og bli sorgfull av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede. 4#Apg 20,31 I stor naud og med angst i hjartet skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Eg ville ikkje gjera dykk sorgfulle, men la dykk skjøna kor høgt eg elskar dykk.
Forlik og tilgjeving
5Men om nokon har gjeve grunn til sorg, så er det ikkje meg han har gjort sorgfull, men dykk alle – eller dei fleste av dykk, for ikkje å overdriva. 6Den straffa som dei fleste av dykk gav denne mannen, får vera nok. 7#Luk 17,3f; Kol 3,13 No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje heilt skal gå under i sorg. 8Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik. 9Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt. 10Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet, 11#Luk 22,31; Ef 4,27#2,11 Satan det hebr. namnet på =djevelen. Jf. 11,14; 12,7. så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.
I Kristi triumftog
12 # Apg 14,27; 1 Kor 16,9; Kol 4,3; Op 3,8 Då eg kom til Troas med Kristi evangelium, hadde Herren alt opna ei dør for meg. 13#2 Kor 7,5ff.13ff; 8,6.16.23; 12,18; Gal 2,1.3; 2 Tim 4,3; Tit 1,4#2,13 Titus, bror min ein av dei næraste medarbeidarane til Paulus; han spelar ei viktig rolle i 2 Kor. =Paulus' medarbeidarar. Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor tok eg farvel med dei og fór til Makedonia. 14#2,14 fører oss fram i triumftog Biletet er henta frå romerske triumftog, der overvunne fiendar måtte gå i ein lang prosesjon gjennom gatene i Roma. spreier angen I romerske triumftog bar krigsfangane ofte røykjelseskar for at angen av røykjelsen skulle stiga opp som vellukt til gudane. Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad. 15#1 Kor 1,18 For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt; 16#Luk 2,34 ein ange av død til død for dei som går fortapt, ein ange av liv til liv for dei som blir frelste. Kven er vel i stand til dette? 17#4,2; 11,13 Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som vil gjera pengar på Guds ord. Nei, med eit oppriktig sinn, på Guds vegner og for Guds andlet talar vi i Kristus.

Currently Selected:

2. Korintar 2: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy