YouVersion Logo
Search Icon

1. Timoteus 1

1
Helsing
1 # Kol 1,27; 1 Tim 2,3; 4,10 # 1,1 apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von, 2#Apg 16,1ff; 17,14f; 18,5; 19,22; 20,4; Rom 16,21; 1 Kor 4,17; 16,10; 2 Kor 1,1.19; Fil 1,1; 2,19; Kol 1,1; 1 Tess 1,1; 3,2.6; 2 Tess 1,1; 2 Tim 1,2; Filem 1; Hebr 13,23#1,2 Timoteus ein av =Paulus' medarbeidarar. helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
Åtvaring mot vranglærarar
3 # 1,3 Makedonia =romerske provinsar. Efesos handelsby og hovudstad i den romerske provinsen Asia. =byar. Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære 4#4,7; 2 Tim 4,4; Tit 1,14; 3,9#1,4 mytar og endelause ættetavler Orda siktar truleg til filosofiske eller astrologiske tolkingar av skapingsforteljingane, fedresogene og ættetavlene i 1 Mos. eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru. 5#Matt 5,8; Rom 13,10 Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru. 6#6,4.20f; 2 Tim 2,14.16.18; Tit 1,10 Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord. 7Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvsikkert om.
8 # Rom 7,12.16 Men vi veit at lova er god om vi bruker henne slik ho skal brukast, 9#1,9–10 lovbrytarar blir følgd av ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. =katalogar.#Matt 15,19; Rom 1,29ff; 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 2 Tim 3,2ff og forstår at ho ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og ulydige, ugudelege og syndarar, gudsfornektarar og vanheilage, og for dei som slår far sin eller mor si, for mordarar, 10#4,6; 6,3; 2 Tim 1,13; 4,3; Tit 1,9.13; 2,1.8 dei som driv hor, menn som ligg med menn, dei som driv med menneskehandel, løgnarar og dei som sver falsk eid, og kva som elles måtte strida mot den sunne læra. 11#Tit 1,3 Dette er i samsvar med evangeliet om herlegdomen hos Gud, den sæle, det evangeliet som er tiltrudd meg.
Den største syndaren
12 # Apg 9,15 Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta, 13#Apg 3,17; Gal 1,13 eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde. 14Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus. 15#Matt 9,13; Luk 19,10 Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største. 16#1,13 Men når eg fekk miskunn, var det for at eg skulle vera den første som Kristus Jesus kunne visa alt sitt tolmod, så eg vart eit førebilete for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv. 17#Rom 16,27; Gal 1,5; Ef 3,21; 2 Tim 4,18; Jud 25#1,17 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.
Oppdraget til Timoteus
18 # 4,14; 6,12+ # 1,18 profetord Ifølgje Apg 13,1–3 kunne kristne bli peika ut til bestemte oppgåver på grunnlag av profetord frå leiarar og forkynnarar. Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden, 19#3,9 i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist. 20#1 Kor 5,5; 2 Tim 2,17; 4,14 Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.

Currently Selected:

1. Timoteus 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy