YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 4

4
Apostlane og tenesta
1 # Ef 3,2ff Så skal de sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium. 2#Luk 12,42ff Og av forvaltarar krevst det at dei viser truskap. 3Men for meg har det ingen ting å seia om eg blir dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol. Ja, eg dømmer ikkje meg sjølv eingong, 4for eg veit ikkje om at eg har gjort noko gale. Men eg er ikkje dermed frikjend, for Herren er den som dømmer meg. 5#Luk 8,17; Rom 2,16; 2 Kor 10,18 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal få fram i lyset det som er løynt i mørkret, og visa kva menneska ber i hjartet, og då skal kvar og ein få sin ros av Gud.
6 # 4,6 det som står skrive Uttrykket kan sikta til Det gamle testamentet. Her har eg brukt meg sjølv og Apollos som døme for dykk, sysken. Av oss skal de læra å «ikkje gå ut over det som står skrive», så ingen blæs seg opp og held med den eine framfor den andre. 7#Joh 3,27; Rom 12,6 Kven har sett deg høgare enn andre? Kva anna har du enn det du har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det i gåve? 8#Op 3,17.21 Men de er alt mette! De har alt vorte rike, ja, de har vorte kongar, men utan oss! Ja, hadde de endå vorte kongar, så kunne vi styra saman med dykk! 9#2 Kor 4,8ff; 6,4ff; 11,23ff; 2 Tim 3,10f#4,9 som dødsdømde … eit skodespel Dei dødsdømde måtte ofte slåst med kvarandre eller med ville dyr på friluftsteatra heilt til dei mista livet. Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske. 10#3,18 Vi er dårar for Kristi skuld, de er dei kloke i Kristus. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam. 11#4,11–13 Versa inneheld ein lidingskatalog. =katalogar. Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring 12#Matt 5,44; Apg 18,3+; Rom 12,14 og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut. 13#Klag 3,45 Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.
14 # 1 Tess 2,11 Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette. 15#Gal 4,19 For om de har tusen lærarar i Kristus, har de ikkje mange fedrar. Og det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet. 16#11,1; Fil 3,17; 1 Tess 1,6; 2 Tess 3,7 Så legg eg dykk dette på hjartet: De må likna meg! 17#1 Tim 1,2+ Difor sender eg Timoteus til dykk, mitt kjære og trufaste barn i Herren. Han skal minna dykk på mine vegar i Kristus Jesus, slik eg lærer overalt i alle forsamlingar. 18Nokre hos dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem til dykk igjen. 19#Jak 4,15+ Men eg kjem snart, om Herren vil, og då får eg verkeleg kjenna, ikkje orda, men krafta til desse oppblåsne folka. 20#2,4 For Guds rike er ikkje ord, men kraft. 21#2 Kor 10,2 Kva vil de? Skal eg koma til dykk med pisken eller med kjærleik og ei mild ånd?

Currently Selected:

1. Korintar 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy