YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 3

3
Guds medarbeidarar og Guds bygning
1 # 3,1 kjøt og blod gr. sarks, «kjøt». =kjøt, kjøt og blod. Likevel, sysken, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Nei, eg måtte tala til menneske styrte av kjøt og blod, som til spedborn i Kristus. 2#Hebr 5,12f Mjølk gav eg dykk å drikka og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3#1,10f; 11,18#3,3 kjøt og blod >v. 1. for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske? 4#1,12 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: 6#Apg 18,4.11.24ff Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. 7Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst. 8#Matt 16,27 Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9#Matt 13,3ff; Ef 2,20ff For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10 # 15,10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer. 11#Jes 28,16; 1 Pet 2,4ff For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv eller dyre steinar, med tre, høy eller halm, 13#Mal 3,2; 4,1; 1 Kor 4,5; 2 Tess 1,7ff#3,13 Herrens dag Den gr. teksten har berre «dagen». =Herrens dag. så skal det ein gong visa seg kva slag arbeid kvar einskild har gjort. Herrens dag skal gjera det klårt, for den dagen blir openberra med eld, og elden skal prøva det kvar einskild har gjort. 14Om det byggverket nokon har reist, blir ståande, skal han få si løn; 15om det brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han bli frelst, men berre som gjennom eld. 16#6,19; 2 Kor 6,16; Ef 2,21f; Hebr 3,6; 1 Pet 2,5 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17Om nokon øydelegg Guds tempel, skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de.
18 # 1,17; 4,10 # 3,18 dåre >1,18. Ingen må narra seg sjølv! Om nokon av dykk meiner seg å vera vis i denne verda, lat han då bli ein dåre, så han kan bli verkeleg vis. 19#Job 5,13 For visdomen i denne verda er dårskap i Guds auge. For det står skrive:
Han fangar dei vise i deira list,
20 # Sal 94,11 og ein annan stad:
Herren kjenner tankane til dei vise,
han veit at dei er tomme.
21 # 3,21 skryta av Same gr. ordet er andre stader omsett med «å vera stolt av» (t.d. Rom 2,17 og 4,2). Paulus bruker ordet ofte om alt det stolte og sjølvsikre hos menneska. Difor må ingen skryta av å vera tilhengjar av menneske. For alt høyrer dykk til, 22#Matt 16,18+; Rom 8,38; 1 Kor 1,12 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, livet eller døden, det som no er, eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til, 23men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

Currently Selected:

1. Korintar 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy