YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 28

28
Salomo skal byggja Herrens hus
1 # 1 Kong 8,17–21; 1 Krøn 17,1–15+; 22,7–10 David kalla saman alle Israels leiarar i Jerusalem: leiarane for stammane, førarane for avdelingane som var i teneste hos kongen, tusenmannsførarane og hundremannsførarane, og forvaltarane som hadde ansvaret for eigedomane og buskapen til kongen og sønene hans, og like eins hoffmennene, heltane og alle dei djerve krigarane. 2Då steig kong David fram og sa:
Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Av hjartet ønskte eg å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen til vår Gud. Eg tok til å førebu bygginga. 3#1 Kong 5,3 Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har aust ut blod.» 4#1 Mos 49,10; 1 Sam 16,1–13 Av heile farshuset mitt har Herren, Israels Gud, valt meg til å vera konge over Israel for alle tider. Han valde Juda til fyrste, og innanfor Juda valde han farshuset mitt. Mellom sønene til far min var det meg han ønskte og gjorde til konge over heile Israel. 5Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo, son min, til å sitja på Herrens kongsstol over Israel. 6Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han. 7Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han av all kraft held boda og lovene mine, som han gjer det i dag.» 8Og no seier eg i nærvær av heile Israel, Herrens forsamling, og medan vår Gud høyrer på: Hald og gransk alle boda til Herren dykkar Gud! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid. 9#1 Mos 6,5; 2 Krøn 15,2; 24,20; Jes 55,6 Og du, Salomo, son min, lær din fars Gud å kjenna, og ten han heilhjarta og villig! For Herren ransakar kvart hjarte og kjenner alle tankar og planar. Søkjer du han, lèt han seg finna. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid. 10Innsjå no at Herren har valt deg ut til å byggja eit hus for heilagdomen. Ver sterk og gå til verket!
11 # 1 Kong 6,1–10 Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhallen og bygningane, av skattkammera, loftsromma, dei indre kammera og rommet for soningsstaden, 12og ei teikning av alt det han elles hadde i tankane: føregardane til Herrens hus og alle sideromma rundt om, skattkammera i Guds hus og skattkammera for alt som var vigd. 13Vidare gav han planane for avdelingane til prestane og levittane, alt arbeidet som hadde med tenesta i Herrens hus å gjera, og teikningar for alt utstyret til tenesta i Herrens hus. 14David gav opp vekta på gullet til alt utstyr av gull som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste, og vekta på sølvet til alt utstyret som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste; 15vekta på gull-lysestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og vekta på sølvlysestakane med lampene som høyrde til, etter det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta; 16vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda, 17vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på begera av gull og sølv, kvart beger for seg, 18#1 Kong 6,23–28 og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, gullkjerubane som breier ut vengene så dei dekkjer Herrens paktkiste. 19«Alt dette vart gjort kjent for meg i eit skrift frå Herrens hand, alle detaljane i teikninga.»
20 # 5 Mos 31,6 Så sa David til Salomo, son sin: «Ver modig og sterk, gå til verket! Ver ikkje redd og mist ikkje motet! For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus. 21Sjå, her er avdelingane av prestar og levittar som skal gjera all tenesta i Guds hus. Du har folk hos deg som har både vilje og evne til å gjera allslags arbeid. Dessutan vil leiarane og heile folket gjera alt det du seier.»

Currently Selected:

1. Krønikebok 28: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy