YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 25

25
Songarane
1David og hærførarane skilde ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun for tempeltenesta. Dei var profetar som spela på lyre, harpe og symbalar. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta: 2av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela, sønene til Asaf, under leiing av Asaf, som profeterte på oppdrag frå kongen; 3av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i alt, under leiing av Jedutun, far deira, som profeterte til Herrens lov og pris på lyre; 4av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot. 5Alle var dei søner av Heman, sjåaren til kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer. 6Alle desse stod under leiing av far sin når dei song ved gudstenesta i Herrens hus til tonane frå symbalar, harper og lyrer. Asaf, Jedutun og Heman stod under leiing av kongen. 7Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var 288, dugande songarar alle saman.
8 # 24,31 Dei kasta lodd om vaktordninga etter prinsippet «liten som stor, meisteren som læresveinen». 9Det første loddet fall på Josef av Asaf-slekta; det andre på Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i alt; 10det tredje på Sakkur med søner og brør, tolv i alt; 11det fjerde fall på Jisri med søner og brør, tolv i alt; 12det femte på Netanja med søner og brør, tolv i alt; 13det sjette på Bukkia med søner og brør, tolv i alt; 14det sjuande på Jesarela med søner og brør, tolv i alt; 15det åttande fall på Jesaja med søner og brør, tolv i alt; 16det niande på Mattanja med søner og brør, tolv i alt; 17det tiande på Sjimi med søner og brør, tolv i alt; 18det ellevte på Asarel med søner og brør, tolv i alt; 19det tolvte fall på Hasjabja med søner og brør, tolv i alt; 20det trettande på Sjubael med søner og brør, tolv i alt; 21det fjortande på Mattitja med søner og brør, tolv i alt; 22det femtande på Jeremot med søner og brør, tolv i alt; 23det sekstande fall på Hananja med søner og brør, tolv i alt; 24det syttande på Josjbekasja med søner og brør, tolv i alt; 25det attande på Hanani med søner og brør, tolv i alt; 26det nittande på Malloti med søner og brør, tolv i alt; 27det tjuande fall på Eliata med søner og brør, tolv i alt; 28det tjueførste på Hotir med søner og brør, tolv i alt; 29det tjueandre på Giddalti med søner og brør, tolv i alt; 30det tjuetredje på Mahasiot med søner og brør, tolv i alt, 31og det tjuefjerde loddet fall på Romamti-Eser med søner og brør, tolv i alt.

Currently Selected:

1. Krønikebok 25: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy