YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 15

15
Paktkista kjem til Jerusalem
1Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davidsbyen. Han stelte til ein stad for Guds paktkiste og reiste eit telt for henne. 2Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.» 3#13,5 Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til for henne. 4David kalla saman Aron-sønene og levittane: 5av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og slektningane hans, 120 mann; 6av Merari-sønene Asaja, den øvste, og slektningane hans, 220 mann; 7av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og slektningane hans, 130 mann; 8av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og slektningane hans, 200 mann; 9av Hebron-sønene Eliel, den øvste, og slektningane hans, 80 mann; 10av Ussiel-sønene Amminadab, den øvste, og slektningane hans, 112 mann.
11Så kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levittane Uriel, Asaja, Joel, Sjemaja, Eliel og Amminadab 12og sa til dei: «De er leiarar for familiane til levittane. Gjer dykk reine og heilage, både de og brørne dykkar, og før så paktkista til Herren, Israels Gud, opp til den staden eg har stelt i stand til henne. 13Det var fordi de ikkje var med førre gongen, at Herren braut laus mot oss, fordi vi ikkje søkte han på rett vis.» 14Så gjorde prestane og levittane seg reine og heilage for å føra opp Herren, Israels Gud si paktkiste. 15#2 Mos 25,14; 4 Mos 4,15 Og levittane bar henne på akslene sine etter berestengene, slik som Moses hadde pålagt dei etter Herrens ord.
16No sa David til dei øvste av levittane at dei skulle la songarane, brørne sine, gjera teneste med musikkinstrument, med harper, lyrer og symbalar. Dei skulle spela og la songen lyda høgt til glede og fest. 17Då lét levittane Heman, son til Joel, stiga fram, og av slektningane hans Asaf, son til Berekja, og av Merari-sønene, slektningane deira, Etan, son til Kusjaja. 18Saman med dei var slektningane deira av andre rang: Sakarja, Jaasiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Benaja, Maaseja, Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom og Je'iel, dørvaktarane. 19Songarane Heman, Asaf og Etan skulle slå på bronsesymbalar. 20#15,20 Alamot >Sal 46,1. Sakarja, Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Maaseja og Benaja skulle spela på harpe etter «Alamot». 21#15,21 Sjeminit «den åttande». >Sal 6,1. Og Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom, Je'iel og Asasja skulle spela på lyre etter «Sjeminit» for å styra songen. 22Kenanja var leiar for levittane som skulle bera paktkista. Han skulle leia flyttinga, for han var ein kunnig mann. 23Berekja og Elkana var dørvaktarar ved paktkista. 24Prestane Sjebanja, Josjafat, Netanel, Amasai, Sakarja, Benaja og Elieser bles i trompetar framfor Guds paktkiste, og Obed-Edom og Jehia var dørvaktarar ved kista.
25 # 2 Sam 6,12–19 Så tok dei i veg, både David, tusenmannsførarane og dei eldste i Israel. Med jubel skulle dei føra Herrens paktkiste opp frå huset til Obed-Edom. 26Fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju vêrar. 27#15,27 prestedrakt hebr. efod. =prest. David var kledd i ei kappe av fint lin. Det var også alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, den øvste av songarane som skulle bera. David hadde òg på seg prestedrakt av lin.
28Så førte heile Israel Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn, med musikk frå trompetar og symbalar, harper og lyrer. 29Slik gjekk det til då Herrens paktkiste vart boren inn i Davidsbyen. Men Mikal, dotter til Saul, såg ut gjennom vindauget og fekk auge på kong David som dansa og leika, og ho vanvørde han i hjartet.

Currently Selected:

1. Krønikebok 15: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy