1. Krønikebok 1
N11NN
1
Ætta til Adam
1 # 1 Mos 5 # 1,1 Store delar av teksten i 1–2 Krøn fell saman med teksten i 1–2 Sam og 1–2 Kong. Adam, Set, Enosj; 2Kenan, Mahalalel, Jared; 3Henok, Metusjalah, Lamek; 4Noah, Sem, Ham og Jafet.
5 # 1 Mos 10,2–4 Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras. 6#1,6 Difat 1 Mos 10,3 har Rifat. Sønene til Gomer var Asjkenas, Difat og Togarma. 7Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.
8 # 1 Mos 10,6–18 Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan. 9Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan. 10Kusj vart òg far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda. 11Misrajim vart stamfar til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane, 12patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.
13Kanaan vart far til Sidon – han var den førstefødde – og til Het, 14og til jebusittane, amorittane, girgasjittane, 15hevittane, arkittane, sinittane, 16arvadittane, semarittane og hamatittane.
17 # 1 Mos 10,22–29 # 1,17 Mesjek 1 Mos 10,23 har Masj. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud, Aram, Us, Hul, Geter og Mesjek. 18Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber. 19#1,19 Peleg På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Peleg og det ordet som er omsett «delt opp». Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan. 20Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah, 21Hadoram, Usal, Dikla, 22Ebal, Abimael, Saba, 23Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.
24 # 1 Mos 11,10–26 # 1,24 Sem Namna som følgjer, er etterkomarar av Sem. Sem, Arpaksjad, Sjelah, 25Eber, Peleg, Re'u, 26Serug, Nahor, Tarah 27og Abram, det er Abraham.
Ætta til Abraham
28 # 1 Mos 25,13–16 Sønene til Abraham var Isak og Ismael. 29Dette er slektshistoria deira: Nebajot var den førstefødde sonen til Ismael. Han hadde òg sønene Kedar, Adbeel, Mibsam, 30Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema, 31Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var etterkomarane av Ismael.
32 # 1 Mos 25,1–4 Ketura, følgjekona til Abraham, fødde Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan. 33Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Henok, Abida og Eldaa. Alle desse var etterkomarar av Ketura.
34 # 1 Mos 25,19–26 Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel. 35#1 Mos 36,10–13.15–17 Sønene til Esau var Elifas, Re'uel, Je'usj, Jalam og Korah. 36Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefi, Gatam, Kenas, Timna og Amalek. 37Sønene til Re'uel var Nahat, Serah, Sjamma og Missa. 38#1 Mos 36,20–28 Sønene til Se'ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan. 39Sønene til Lotan var Hori og Homam, og Lotan hadde ei syster som heitte Timna. 40Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana. 41Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran. 42Sønene til Eser var Bilhan, Saavan og Jaakan. Sønene til Disjan var Us og Aran.
Kongar og hovdingar i Edom
43 # 1 Mos 36,31ff Dette er dei kongane som rådde i landet Edom før det var nokon konge som rådde over israelittane: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba. 44Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han. 45Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman-landet konge etter han. 46Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit. 47Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. 48Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot attmed Eufrat konge etter han. 49Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han. 50#1,50 Pa'i 1 Mos 36,39 har Pa'u. Då Baal-Hanan døydde, vart Hadad konge etter han. Byen hans heitte Pa'i, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.
51Då Hadad var død, rådde desse stammehovdingane i Edom: hovdingane i Timna, Alja, Jetet, 52Oholibama, Ela, Pinon, 53Kenas, Teman, Mibsar, 54Magdiel og Iram. Dette var stammehovdingane i Edom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk