1
Romarane 12:2
Bibel 1938 - Bibelselskapet
Bibel1938
og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men lat dykk umskapa med di hugen dykkar vert uppattnya, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.
Compare
Explore Romarane 12:2
2
Romarane 12:1
So legg eg dykk då på hjarta, brør, for Guds miskunn skuld, at de må bjoda fram lekamane dykkar til eit levande, heilagt offer, eit som Gud hev hugnad i - det er dykkar åndelege gudstenesta
Explore Romarane 12:1
3
Romarane 12:12
Gled dykk i voni, ver toluge i trengsla, trottuge i bøni!
Explore Romarane 12:12
4
Romarane 12:21
Lat ikkje det vonde få vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!
Explore Romarane 12:21
5
Romarane 12:10
Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad!
Explore Romarane 12:10
6
Romarane 12:9
Lat kjærleiken vera sviklaus; hav stygg til det vonde, haldt fast på det gode!
Explore Romarane 12:9
7
Romarane 12:18
So sant det er råd, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneske!
Explore Romarane 12:18
8
Romarane 12:19
Hemn dykk ikkje sjølve, de kjære, men gjev rom åt vreiden! for det stend skrive: Meg høyrer hemnen til, eg vil gjeva attgjeld, segjer Herren.
Explore Romarane 12:19
9
Romarane 12:11
Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren!
Explore Romarane 12:11
10
Romarane 12:3
For ved den nåden som er meg gjeven, segjer eg til kvar og ein millom dykk at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja so at han tenkjer visleg, alt etter som Gud hev mælt ut åt kvar hans mål av tru.
Explore Romarane 12:3
11
Romarane 12:17
Gjev ikkje nokon vondt att for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns augo!
Explore Romarane 12:17
12
Romarane 12:16
Hav eitt hjartelag innbyrdes; trå ikkje etter det høge, men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke!
Explore Romarane 12:16
13
Romarane 12:20
Um då fienden din er hungrig, so gjev han mat; er han tyrst, so gjev han drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans.
Explore Romarane 12:20
14
Romarane 12:14-15
Velsigna dei som forfylgjer dykk; velsigna, og forbanna ikkje! Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt!
Explore Romarane 12:14-15
15
Romarane 12:13
Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap!
Explore Romarane 12:13
16
Romarane 12:4-5
For liksom me hev mange lemer på ein lekam, men ikkje alle lemene hev det same å gjera, soleis er me, mange som me er, EIN lekam i Kristus, men kvar for seg er me lemene åt kvarandre.
Explore Romarane 12:4-5
Home
Bible
Plans
Videos