1
4. Mosebok 14:9
Bibel 1938 - Bibelselskapet
Bibel1938
Set dykk berre ikkje upp mot Herren, og ver ikkje redde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!
Compare
Explore 4. Mosebok 14:9
2
4. Mosebok 14:18
Herren er tolug og rik på miskunn, han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus, han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter dei.
Explore 4. Mosebok 14:18
3
4. Mosebok 14:8
Er Herren oss god, so fører han oss inn i det landet og gjev oss det; det er eit land som fløymer med mjølk og honning.
Explore 4. Mosebok 14:8
4
4. Mosebok 14:24
Men Kaleb, tenaren min, vil eg føra inn i det landet han hev vore i, og ætti hans skal få det til eiga; for han er det ei onnor ånd i, og han hev halde seg trutt etter meg.
Explore 4. Mosebok 14:24
5
4. Mosebok 14:28
Seg til dei: So vist som eg lever, segjer Herren: Det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.
Explore 4. Mosebok 14:28
6
4. Mosebok 14:11
Og Herren sa til Moses: Kor lenge vil dette folket hæda og vanvyrda meg, og kor lenge vil dei mistru meg, endå so mange teikn som eg hev gjort millom dei?
Explore 4. Mosebok 14:11
7
4. Mosebok 14:2
Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron og sa: Gjev me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å, gjev me hadde døytt!
Explore 4. Mosebok 14:2
8
4. Mosebok 14:6-7
og Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som hadde vore med og forfare Kana'anslandet, reiv sund klædi sine og tala til heile Israels-lyden og sa: Det landet som me hev fare i gjenom og skoda, er eit ovgodt land.
Explore 4. Mosebok 14:6-7
9
4. Mosebok 14:21-23
Men so vist som eg lever og Herrens herlegdom fyller heile jordi: Ingen av dei mennene som hev set herlegdomen min og dei teikni eg gjorde i Egyptarland og i øydemarki, og som like vel hev freista meg ti gonger og aldri vilde lyda på ordi mine - ingen av dei skal sjå det landet eg hev lova federne deira; ingen av dei som hev hædt og vanvyrdt meg, skal få sjå det.
Explore 4. Mosebok 14:21-23
Home
Bible
Plans
Videos