1
Romarane 4:20-21
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Han var ikkje vantruen, så han tvila på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. For han var fullviss på at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera.
Compare
Explore Romarane 4:20-21
2
Romarane 4:17
som det står skrive: Eg har gjort deg til far åt mange folk. Han er vår far i Guds augo; for han trudde på Gud, han som gjer dei døde levande og byd det som ikkje er, at det skal verta til.
Explore Romarane 4:17
3
Romarane 4:25
han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.
Explore Romarane 4:25
4
Romarane 4:18
Endå all von var ute, heldt Abraham fast på vona og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di verta.
Explore Romarane 4:18
5
Romarane 4:16
Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile ætta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. Han er då far for oss alle
Explore Romarane 4:16
6
Romarane 4:7-8
Sæle er dei som har fått sine brot tilgjevne og sine synder tildekte. Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar synd.
Explore Romarane 4:7-8
7
Romarane 4:3
For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig.
Explore Romarane 4:3