Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider, men som no er komen for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er han no kunngjord for alle folkeslag for å føra dei til lydnad og tru. Han, den einaste vise Gud, skal ha ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.