1
Romarane 14:17-18
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande. Den som tener Kristus på denne måten, han er til hugnad for Gud og har vørdnad hjå menneske.
Compare
Explore Romarane 14:17-18
2
Romarane 14:8
Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.
Explore Romarane 14:8
3
Romarane 14:19
Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til oppbygging oss imellom!
Explore Romarane 14:19
4
Romarane 14:13
Så lat oss ikkje lenger døma kvarandre! Døm heller så at ingen skal føra ein bror til å snåva eller falla.
Explore Romarane 14:13
5
Romarane 14:11-12
for det står skrive: Så visst som eg lever, seier Herren, for meg skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal prisa Gud. Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv.
Explore Romarane 14:11-12
6
Romarane 14:1
Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans.
Explore Romarane 14:1
7
Romarane 14:4
Kven er du som dømer annan manns tenar? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal verta ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.
Explore Romarane 14:4