1
Romarane 12:2
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Compare
Explore Romarane 12:2
2
Romarane 12:1
Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
Explore Romarane 12:1
3
Romarane 12:12
Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna.
Explore Romarane 12:12
4
Romarane 12:21
Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!
Explore Romarane 12:21
5
Romarane 12:10
Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve.
Explore Romarane 12:10
6
Romarane 12:9
Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode.
Explore Romarane 12:9
7
Romarane 12:18
Er det råd, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk.
Explore Romarane 12:18
8
Romarane 12:19
Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat straffa til Gud. For det står skrive: Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld, seier Herren.
Explore Romarane 12:19
9
Romarane 12:11
Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!
Explore Romarane 12:11
10
Romarane 12:3
Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Explore Romarane 12:3
11
Romarane 12:17
Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er for alle menneske.
Explore Romarane 12:17
12
Romarane 12:16
Ver samlyndte, trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!
Explore Romarane 12:16
13
Romarane 12:20
Men det står òg: Er din uven svolten, så lat han få mat, er han tyrst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du gloande kol på hovudet hans.
Explore Romarane 12:20
14
Romarane 12:14-15
Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje. Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt.
Explore Romarane 12:14-15
15
Romarane 12:13
Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde.
Explore Romarane 12:13
16
Romarane 12:4-5
Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.
Explore Romarane 12:4-5