1
4. Mosebok 22:28
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Då gav Herren eselet mål og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.»
Compare
Explore 4. Mosebok 22:28
2
4. Mosebok 22:31
Då opna Herren augo hans, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks kasta han seg ned og bøygde seg med andletet mot jorda.
Explore 4. Mosebok 22:31
3
4. Mosebok 22:32
Herrens engel sa til han: «Kvifor har du tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.
Explore 4. Mosebok 22:32
4
4. Mosebok 22:30
Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei,» svara Bileam.
Explore 4. Mosebok 22:30
5
4. Mosebok 22:29
Bileam svara: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepe deg med det same!»
Explore 4. Mosebok 22:29
6
4. Mosebok 22:27
Då eselet atter fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. No vart Bileam brennande harm og slo til eselet med staven sin.
Explore 4. Mosebok 22:27