1
4. Mosebok 14:9
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
Set dykk berre ikkje opp mot Herren! Og ver ikkje redde folket i landet; dei er ikkje meir enn ein brødbit for oss. Deira vern har svikta dei; men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!»
Compare
Explore 4. Mosebok 14:9
2
4. Mosebok 14:18
«Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.»
Explore 4. Mosebok 14:18
3
4. Mosebok 14:8
Har Herren godvilje for oss, fører han oss inn i dette landet og gjev oss det, eit land som fløymer med mjølk og honning.
Explore 4. Mosebok 14:8
4
4. Mosebok 14:24
Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige.
Explore 4. Mosebok 14:24
5
4. Mosebok 14:28
Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg.
Explore 4. Mosebok 14:28
6
4. Mosebok 14:11
Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket vanvørda meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei?
Explore 4. Mosebok 14:11
7
4. Mosebok 14:2
Alle israelittane, heile lyden, murra mot Moses og Aron og sa: «Gjev vi hadde fått døy i Egypt eller her i øydemarka! Ja, gjev vi hadde fått døy!
Explore 4. Mosebok 14:2
8
4. Mosebok 14:6-7
Og Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og speida ut landet, reiv sund kleda sine og sa til alle israelittane som var samla: «Det landet vi drog igjennom og speida ut, er eit svært godt land.
Explore 4. Mosebok 14:6-7
9
4. Mosebok 14:21-23
Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: Ingen av dei mennene som har sett herlegdomen min, sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i øydemarka, og som likevel har sett meg på prøve mange gonger og vore ulydige mot meg, ingen av dei skal få sjå det landet eg har lova fedrane deira. Ingen som vanvørder meg, skal få sjå det!
Explore 4. Mosebok 14:21-23