Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall. Midt i elden viste det seg liksom fire skapningar som såg såleis ut: Dei hadde utsjånad som menneske, men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei stråla som skinande bronse. Skapningane hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle heldt andleta og vengene såleis: Dei nådde bortåt kvarandre med vengene. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men kvar av dei gjekk beint fram.