Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna Gud åt far din, og ten han av eit heilt hjarta og ein viljug hug! For Herren ransakar kvart hjarta og kjenner kvar tanke som stig opp i det. Dersom du søkjer Herren, lagar han det så at du finn han. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.