1
Jakob 3:17
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri.
Compare
Explore Jakob 3:17
2
Jakob 3:13
Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom.
Explore Jakob 3:13
3
Jakob 3:18
Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.
Explore Jakob 3:18
4
Jakob 3:16
For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.
Explore Jakob 3:16
5
Jakob 3:9-10
Med henne lovprisar vi Herren vår Far, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete. Frå same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Slik må det ikkje vera, mine sysken!
Explore Jakob 3:9-10
6
Jakob 3:6
Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.
Explore Jakob 3:6
7
Jakob 3:8
Men tunga kan ikkje noko menneske temja, rastlaus og vond som ho er, full av drepande gift.
Explore Jakob 3:8
8
Jakob 3:1
Mine brør, ikkje mange av dykk bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom.
Explore Jakob 3:1