1
Jakob 1:2-3
Bibelen 2011 nynorsk
Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar; for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.
Compare
Explore Jakob 1:2-3
2
Jakob 1:5
Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.
Explore Jakob 1:5
3
Jakob 1:19
Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint.
Explore Jakob 1:19
4
Jakob 1:4
Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
Explore Jakob 1:4
5
Jakob 1:22
De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve.
Explore Jakob 1:22
6
Jakob 1:12
Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han.
Explore Jakob 1:12
7
Jakob 1:17
All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.
Explore Jakob 1:17
8
Jakob 1:23-24
For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.
Explore Jakob 1:23-24
9
Jakob 1:27
Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.
Explore Jakob 1:27
10
Jakob 1:13-14
Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg.
Explore Jakob 1:13-14
11
Jakob 1:9
Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett
Explore Jakob 1:9
YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy
Home
Bible
Plans
Videos