1
Jesaja 6:8
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Eg sa: «Eg! Send meg!»
Compare
Explore Jesaja 6:8
2
Jesaja 6:3
Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag er HERREN Sebaot. Heile jorda er full av hans herlegdom.»
Explore Jesaja 6:3
3
Jesaja 6:5
Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, HERREN over hærskarane.»
Explore Jesaja 6:5
4
Jesaja 6:1
I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet.
Explore Jesaja 6:1
5
Jesaja 6:7
Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.»
Explore Jesaja 6:7
6
Jesaja 6:2
Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei.
Explore Jesaja 6:2
7
Jesaja 6:6
Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret.
Explore Jesaja 6:6
8
Jesaja 6:9
Han sa: «Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skjøna!
Explore Jesaja 6:9
9
Jesaja 6:10
Gjer hjartet til dette folket feitt, gjer øyra tunge og klin auga att, så dei ikkje kan sjå med auga, ikkje høyra med øyra, ikkje forstå med hjartet og ikkje venda om og bli lækte!»
Explore Jesaja 6:10