1
Jesaja 43:19
Bibelen 2011 nynorsk
Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.
Compare
Explore Jesaja 43:19
2
Jesaja 43:2
Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg.
Explore Jesaja 43:2
3
Jesaja 43:18
De skal ikkje minnast dei første ting, ikkje tenkja på det som hende før.
Explore Jesaja 43:18
4
Jesaja 43:1
Og no, så seier HERREN, som skapte deg, Jakob, som forma deg, Israel: Ver ikkje redd! For eg har løyst deg ut, eg har kalla deg ved namn, du er min.
Explore Jesaja 43:1
5
Jesaja 43:4
Fordi du er dyrebar i mine auge, høgt akta og eg elskar deg, gjev eg menneske i staden for deg og folkeslag for ditt liv.
Explore Jesaja 43:4
6
Jesaja 43:3
For eg er HERREN din Gud, Israels Heilage, som frelser deg. Eg gjev Egypt som løysepenge for deg, Kusj og Seba i staden for deg.
Explore Jesaja 43:3
7
Jesaja 43:5
Ver ikkje redd, for eg er med deg! Frå aust vil eg henta ætta di, og frå vest vil eg samla deg.
Explore Jesaja 43:5
8
Jesaja 43:25
Eg, eg er den som utslettar dine brot for mi skuld, og syndene dine minnest eg ikkje.
Explore Jesaja 43:25
9
Jesaja 43:10
De er mine vitne, seier HERREN, og min tenar, som eg har valt ut, for at de skal kjenna meg og tru på meg og skjøna at eg er Han. Før meg har ingen gud vorte forma, og etter meg skal ingen koma.
Explore Jesaja 43:10
10
Jesaja 43:11
Eg, eg er HERREN, det finst ingen annan frelsar enn eg.
Explore Jesaja 43:11
11
Jesaja 43:13
heilt frå dag vart til, eg er Han. Ingen kan riva ut av mi hand; det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.
Explore Jesaja 43:13
12
Jesaja 43:20-21
Ville dyr skal æra meg, sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i ørkenen og elvar i øydemarka så mitt utvalde folk kan få drikka. Mitt folk, som eg har forma, skal forkynna min pris.
Explore Jesaja 43:20-21
13
Jesaja 43:6-7
Eg seier til nord: «Gjev frå deg!» og til sør: «Hald ikkje tilbake!» Hent sønene mine frå det fjerne, døtrene frå enden av jorda, alle som er kalla med mitt namn, dei eg har skapt til mi ære, forma og laga.
Explore Jesaja 43:6-7
14
Jesaja 43:16-17
Så seier HERREN, han som gjorde veg gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet, som førte vogner og hestar, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande og reiste seg aldri, dei slokna som når ein veike blir sløkt.
Explore Jesaja 43:16-17
15
Jesaja 43:15
Eg er HERREN, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge.
Explore Jesaja 43:15
YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy
Home
Bible
Plans
Videos