1
2. Mosebok 7:1
Bibelen 2011 nynorsk
HERREN sa til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.
Compare
Explore 2. Mosebok 7:1
2
2. Mosebok 7:3-4
Eg vil gjera farao hard i hjartet. Eg vil gjera mange teikn og under i Egypt, men farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk. Då vil eg leggja mi hand på Egypt og føra flokkane mine, mitt folk israelittane, ut frå Egypt med store straffedommar.
Explore 2. Mosebok 7:3-4
3
2. Mosebok 7:5
Egyptarane skal kjenna at eg er HERREN når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»
Explore 2. Mosebok 7:5
4
2. Mosebok 7:11-12
Då sende farao bod på vismennene og trollmennene, og dei egyptiske magikarane gjorde det same med sine løyndomsfulle kunster. Alle kasta stavane sine, og stavane vart til store slangar. Men staven til Aron slukte stavane deira.
Explore 2. Mosebok 7:11-12
5
2. Mosebok 7:17
Så seier HERREN: Ved dette skal du vita at eg er HERREN: Sjå, eg slår på vatnet i Nilen med staven eg har i handa, og det skal bli til blod.
Explore 2. Mosebok 7:17
6
2. Mosebok 7:9-10
«Når farao seier til dykk at de skal gjera eit under, skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han framfor farao. Han skal bli til ein stor slange!» Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som HERREN hadde sagt. Aron kasta staven sin framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein stor slange.
Explore 2. Mosebok 7:9-10
YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy
Home
Bible
Plans
Videos