1
1. Peter 5:7
Bibelen 2011 nynorsk
Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.
Compare
Explore 1. Peter 5:7
2
1. Peter 5:10
Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal utrusta dykk, gje dykk kraft og styrke og grunnfesta dykk.
Explore 1. Peter 5:10
3
1. Peter 5:8-9
Ver edrue og vak! Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka. Stå han imot, faste i trua! For de veit at syskena dykkar rundt om i verda må gå gjennom dei same lidingane.
Explore 1. Peter 5:8-9
4
1. Peter 5:6
Audmjuk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk når tida kjem.
Explore 1. Peter 5:6
5
1. Peter 5:5
De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
Explore 1. Peter 5:5
YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy
Home
Bible
Plans
Videos