1. Mosebok 3

3
Syndefallet
1Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» #3,1 Ormen her talerøyr for ei vond og freistande makt. Sml. 2 Kor 11,3; Op 12,9. 2Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. 3Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!» #2,16f 4Då sa ormen til kvinna: «De skal ikkje døy! #Joh 8,44; 2 Kor 11,3 5Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.» 6No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt. #1 Tim 2,14 7Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.#2,25
8Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. #3,8 Adam [2,7.] 9Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?» 10Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.» 11Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»#3,4+
14Då sa Herren Gud til ormen:
«Fordi du gjorde dette,
skal du vera forbanna
framfor alt fe og alle villdyr.
På buken skal du krypa,
og mold skal du eta ¬alle dine dagar.
15Fiendskap vil eg setja
mellom deg og kvinna,
mellom ditt avkom ¬og hennar ætt.
Dei skal krasa ditt hovud,
og du skal hogga dei ¬i hælen.» #Hebr 2,14f; 1 Joh 3,8
16Til kvinna sa han:
«Stor vil eg gjera di møde
så tidt du er med barn;
med verk og vande ¬skal du føda.
Etter mannen din ¬skal du stunda,
og han skal råda over deg.»
17Og til Adam sa han:
«Fordi du høyrde på kona di
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
skal jorda vera forbanna ¬for di skuld.
Med møde skal du næra deg ¬av henne
alle dine levedagar.
18Torn og tistel ¬skal ho bera,
og du skal eta ¬av vokstrane på marka.
19Med sveitte i andletet
skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att;
for av henne er du teken.
Jord er du,
og til jord skal du atter verta.»#18,27; Sal 90,3; Fork 12,7
20Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever. #3,20 Eva Namnet likjest det hebr. ordet for liv. 21Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med.
22Og Herren Gud sa: «No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!» 23Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av. 24Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Kleurmerk

Deel

Kopieer

None

Wil jy jou kleurmerke oor al jou toestelle gestoor hê? Teken in of teken aan

YouVersion gebruik koekies om jou ervaring persoonlik te maak. Deur ons webwerf te gebruik, aanvaar jy ons gebruik van koekies soos beskryf in ons Privaatheidsbeleid