1. Mosebok 2
N78NN
2
1Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. 2Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. #2 Mos 20,11; 31,17; Hebr 4,4 3Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte.
4Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte.
Mennesket i Guds hage
På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.#2,7 På hebr. heiter mann ‘adam‘ og mark eller jord ‘adama‘.#1,27; 1 Kor 15,45ff
8Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. #2,8 Eden Namnet likjest eit hebr. ord for glede. I den gr. oms. vert hagen kalla ‘paradeisos‘, av det vårt «paradis». 9Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.#Ordt 3,18; Op 2,7; 22,2
10Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner. 11Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull. #2,11 Havila-landet i Arabia. Sml. 25,18; 1 Sam 15,7.#2,11 Pisjon, Gihon og Hiddekel paradis-elvar; dei to fyrstnemnde er ukjende, den sistnemnde er Tigris. 12Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol. #2,12 bedolah-kvae eit slag godangande harpiks. 13Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia. 14Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.
15Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. 16Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»#Rom 6,23
18Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.» #Fork 4,8f 19Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.
21Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. #1 Kor 11,8; 1 Tim 2,13
23Då sa mannen: #2,23 Den hebr. teksten har her eit ordspel: Mann heiter ‘isj‘, kvinne ‘isjsja‘.
«Dette er då bein av mine bein
og kjøt av mitt kjøt.
Ho skal kallast kvinne,
for ho er teken av ein mann.»
24Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.#Matt 19,5; Ef 5,31
25Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje.#3,7

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Vind meer uit oorBibelen 1978/85 nynorsk