Johannes' openberring 8

8
Det sjuande seglet
1 # 6,1 Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.
Dei sju basunane
(8,2–11,19)
Røykjelse og eld
2 # Matt 24,31 Og eg såg dei sju englane som står for Guds andlet, og det vart gjeve dei sju basunar. 3#Sal 141,2; Op 5,8 Ein annan engel, som hadde eit røykjelsesfat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd med røykjelse som han skulle leggja saman med bønene frå alle dei heilage på gullaltaret framfor trona. 4Og frå engelens hand steig det opp for Guds andlet ei sky av røykjelse saman med bønene frå dei heilage. 5#3 Mos 16,12f; Esek 10,2 Så tok engelen røykjelsesfatet, fylte det med eld frå altaret og kasta elden på jorda. Og det kom torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.
6Dei sju englane med dei sju basunane gjorde seg no klare til å blåsa.
Dei fire første basunane
7 # 2 Mos 9,23ff; Esek 38,22 Den første engelen bles i basunen. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjedelen av jorda gjekk opp i logar, og tredjedelen av trea brann opp saman med alt det grøne graset.
8 # 2 Mos 7,20f Den andre engelen bles i basunen. Då var det som eit stort, brennande fjell vart kasta i havet. Tredjedelen av havet vart til blod, 9og tredjedelen av alle skapningane i havet døydde, og tredjedelen av skipa gjekk under.
10 # 9,1 Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene. 11#Jer 9,15 Namnet på stjerna er Malurt. Tredjedelen av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.
12 # 2 Mos 10,21; Esek 32,7f Den fjerde engelen bles i basunen. Då vart tredjedelen av sola og tredjedelen av månen og tredjedelen av stjernene ramma, så tredjedelen av dei vart mørk, dagen mista tredjedelen av lyset sitt, og natta like eins.
13Og eg såg ei ørn flygande høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve! Ve! Ve over dei som bur på jorda når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda!»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring