Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene. Namnet på stjerna er Malurt. Tredjedelen av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.