Johannes' openberring 7

7
Guds tenarar blir merkte med segl
1 # Esek 7,2; 37,9; Dan 7,2 Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind over jorda eller havet eller trea. 2Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet: 3#Esek 9,4; Ef 1,13f; 2 Tim 2,19; Op 9,4#7,3 segl markerer at dei høyrer Gud til og skal sparast. =segl. «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»
4 # 14,1ff; 21,12 Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.
5Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,
av Ruben-stammen 12 000,
av Gad-stammen 12 000,
6av Asjer-stammen 12 000,
av Naftali-stammen 12 000,
av Manasse-stammen 12 000,
7av Simeon-stammen 12 000,
av Levi-stammen 12 000,
av Jissakar-stammen 12 000,
8av Sebulon-stammen 12 000,
av Josef-stammen 12 000
og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.
Den store kvite flokken
9 # 1 Mos 15,5; Op 3,4+ Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. 10#5,13 Og dei ropa med høg røyst:
Sigeren kjem frå vår Gud,
han som sit på trona, og frå Lammet.
11 # 4,4.6ff Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud 12#5,12 og sa:
Amen.
All lov og pris og visdom,
takk og ære, makt og velde
høyrer vår Gud til i all æve.
Amen.
13 # 3,4+ Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» 14#Dan 12,1; Matt 24,21f; Op 22,14 «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:
«Dette er dei som kjem ut av den store trengsla
og har vaska kappene sine
og gjort dei kvite i blodet frå Lammet.
15 # 4,2+ Difor står dei for Guds trone
og tener han dag og natt i hans tempel.
Og han som sit på trona,
skal reisa sin bustad over dei.
16 # Sal 121,6; Jes 49,10 Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta,
og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.
17 # Sal 23,2; Jes 25,8; Esek 34,23; Op 21,4.6 For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira
og føra dei til kjelder med livsens vatn,
og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring