YouVersion Logo
Search Icon

Kolossarane 3

3
Det gamle og det nye mennesket
1Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. #Rom 6,3f; Kol 2,12; Sal 110,1; Apg 2,33+ 2Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. #Matt 6,20.33+ 3De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. #Rom 6,2; 2 Kor 5,14 4Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.#Gal 2,20; 1 Joh 3,2
5Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. #Rom 1,29ff+; Ef 5,3.5 6Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. #Tit 3,3 8Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. #Ef 4,25ff 9Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. #Ef 4,24 11Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle.#3,11 skytar Skytarane budde nord for Svartehavet og vart i samtida rekna for å vera svært rå og usiviliserte.#Gal 3,28+
12De er Guds utvalde, helga og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame, #Ef 4,2.32; 1 Pet 2,9 13så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. #Matt 6,14+ 14Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar. #Rom 13,8.10; Ef 4,3 15Lat Kristi fred rå i hjarto dykkar, for til det vart de kalla då de vart ein lekam. Og ver takksame! #Fil 4,7; Ef 4,4; Kol 1,18 16Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, så de med visdom kan læra og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar; syng for Gud med takk i hjarta! #Ef 5,19f 17Og alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han.#1 Kor 10,31
Heim og huslyd
18De koner skal underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg for kristne. #Ef 5,22–6,9; 1 Pet 2,18–3,7 19De menn skal elska konene dykkar og ikkje vera harde mot dei. #Ef 5,25; 1 Pet 3,7 20De born skal vera lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til hugnad for Herren. #Ef 6,1 21De fedrar skal ikkje stella dykk såleis med borna at dei vert arge og misser motet. #Ef 6,4 22De trælar skal lyda dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarta og i age for Herren. #Ef 6,5+ 23Alt de gjer, skal de gjera viljug, som for Herren og ikkje for menneske. 24For de veit at de skal få arven til løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena. 25Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje skilnad på folk.#Rom 2,11+

Currently Selected:

Kolossarane 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy