YouVersion Logo
Search Icon

Kolossarane 4

4
1De som er herrar, skal fara rett og rimeleg fram mot trælane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.#3 Mos 25,43; Ef 6,9
Bøn og venlege ord
2Ver vedhaldande i bøn, vak og bed og takka Gud! #Luk 18,1+; Ef 6,18ff 3Bed for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom, den eg no sit i fengsel for. #1 Kor 16,9+; Ef 3,3f 4Bed om at eg må få gjera han kjend som eg skal. 5Ver visleg når de er saman med dei som står utanfor, og kjøp den laglege tid. #1 Kor 5,12; Ef 5,15f; 1 Tess 4,11f 6Lat alltid orda dykkar vera venlege, men lat dei ha salt og kraft, så de veit å gje kvar og ein det rette svaret.#Mark 9,50
Helsingar
7Tykikus kjem til å fortelja dykk alt om korleis det går med meg. Han er ein kjær bror og ein trufast tenar og medarbeidar for Herren. #Ef 6,21f 8Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal setja nytt mot i dykk. 9Saman med han sender eg Onesimus, den trufaste og kjære bror som er frå dykkar by. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå. #Filem 10 10Aristark, som er fange saman med meg, helsar dykk, og det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. De har fått bod om han; ta vel imot han om han kjem. #Apg 19,29+; 12,12+ 11Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg. 12Epafras, som kjem frå dykkar eigen kyrkjelyd, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan verta ståande, fullmogne og fullt visse i alt som er Guds vilje. #1,7; Rom 15,30+ 13Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis. #2,1 14Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas. #2 Tim 4,10f; Filem 24 15Helsa brørne i Laodikea, like eins Nymfa og kyrkjelyden som samlast heime hjå henne.
16Når dette brevet er opplese hjå dykk, syt då for at det òg vert opplese for kyrkjelyden i Laodikea, og at de sjølve får lesa det brevet mitt som de får frå Laodikea. #4,16 det brevet mitt som de får frå Laodikea eit brev som Paulus har skrive til kyrkjelyden der. 17Sei til Arkippus: Akta på den tenesta du har fått for Herren, så du fullfører henne. #Filem 2 18Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. Kom i hug lekkjene mine! Nåden vere med dykk!#1 Kor 16,21+; Ef 3,1+

Currently Selected:

Kolossarane 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy