YouVersion Logo
Search Icon

Kolossarane 2

2
1Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea og for alle dei andre som ikkje kjenner meg av sjølvsyn. #4,13.15f 2Det eg ynskjer for dei, er at dei må få nytt mot, verta knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og skjøn, så dei kan fatta Guds løyndom, som er Kristus. #1,26; 4,3 3For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde. #Jes 45,3; 1 Kor 1,24.30 4Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar. #Ef 5,6 5For om eg er fråverande med lekamen, er eg hjå dykk i tankane, og eg ser med glede den gode orden som rår hjå dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.#1 Kor 5,3; 14,40
Kristi fullnad og dåpen
6De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! #Ef 2,20.22 8Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. #2,8 grunnkreftene i verda[Gal 4,3.]#Matt 15,9; Rom 16,18 9For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, #Joh 1,14.16; Kol 1,19 10og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. #Ef 1,21f 11I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. #Rom 2,29+ 12For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. #Rom 6,4; Kol 3,1 13De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. #Ef 2,1.5 14Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. #Ef 2,14f 15Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.#Luk 11,22
Mot falske menneskebod
16Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. #Rom 14,1ff; Gal 4,10 17Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. #Hebr 8,5; 10,1 18Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar 19og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.#Ef 2,21; 4,15f; Kol 1,18
20Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: #Gal 4,3.9 21«Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? #1 Tim 4,3 22Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. #Jes 29,13; Matt 15,8ff 23Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.

Currently Selected:

Kolossarane 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy