YouVersion Logo
Search Icon

2. Peter 2

2
Falske lærarar
1Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping. #5 Mos 13,1ff; Matt 24,11; Jud 4 2Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta. #Rom 2,24 3Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei.#1 Tess 2,5
4For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen. #Jud 6 5Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, rettferdsforkynnaren, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd med ugudelege menneske. #1 Mos 8,18; 1 Pet 3,20 6Byane Sodoma og Gomorra dømde han til undergang og la dei i oske; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv. #1 Mos 19,24f; Jud 7 7Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska. #1 Mos 19,1ff 8Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde.
9Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, #1 Kor 10,13; Jud 6 10fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.
Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter. #Jud 7f 11Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren. #Jud 9 12Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall #Sal 49,13ff; Jud 10 13og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg. #Jud 12 14Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei! 15For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. #4 Mos 22,7ff; Jud 11; Op 2,14 16Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd.#4 Mos 22,28
17Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente. #Jud 13 18For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt. 19Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.#Joh 8,34; Rom 6,16
20For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før. #Matt 12,45 21Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. #Luk 12,47f 22Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla.#Ordt 26,11

Currently Selected:

2. Peter 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy