Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla.