YouVersion Logo
Search Icon

2. Peter 3

3
Herren kjem, og dei kristne ventar
1Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om #1,13 2det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.#Jud 17
3Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. #1 Tim 4,1+; Jud 18 4Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» #Jes 5,19; Esek 12,22; Matt 24,48 5Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. #1 Mos 1,2.6ff; Sal 24,2 6Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. #1 Mos 7,11ff; 2 Pet 2,5 7Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. #Sal 90,4 9Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. #Hab 2,3; Hebr 10,37; 1 Tim 2,4; 1 Pet 3,20 10Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.#Matt 24,43+; 1 Kor 1,8; Matt 24,29+; Op 20,11
11Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.#Jes 65,17; 66,22; Matt 19,28; Op 21,1.27
14Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte. #1 Kor 1,7f; Jud 24 15Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått. #Rom 2,4; 2 Pet 3,9 16Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er nok somt der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og ustøe vrir på det; det same gjer dei òg med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.
17No veit de dette på førehand, mine kjære. Ta dykk difor i vare, så de ikkje fell ut or dykkar faste stand. Lat dykk ikkje riva med og føra vilt av menneske som ikkje har noko å halda seg til. #Mark 13,5.23 18De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han skal ha æra, no og i all æve! Amen.#Ef 4,13

Currently Selected:

2. Peter 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy