YouVersion Logo
Search Icon

1. Peter 4

4
1Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. #Rom 6,2.7; 1 Pet 2,21 2Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda. #2 Kor 5,15; 1 Joh 2,16f 3Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking. #Ef 2,2f; Tit 3,3 4No undrar dei seg når de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av skamløyse saman med dei, og spottar dykk. 5Men dei skal få gjera rekneskap for han som står ferdig til å døma levande og døde. #Apg 10,42+ 6For evangeliet vart forkynt for døde òg, så dei ved Anden skulle leva, liksom Gud lever, jamvel om dei her i verda var komne under den domen som kjem over alle menneske.
7Enden på alle ting er nær. Ver difor vislege og årvakne, så de kan be. #Rom 13,11f; 1 Kor 7,29; 10,11; 1 Joh 2,18 8Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. #Ordt 10,12; Jak 5,20 9Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga.#Hebr 13,2
10Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde. #Luk 12,42; 1 Kor 12,4ff+ 11Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen.#Joh 12,50; Rom 12,7; 1 Kor 10,31
Når ein kristen må lida
12Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt. #1,6f 13Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom. #Apg 5,41; Rom 8,17; Kol 1,24 14Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld; for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk. #Matt 5,11; 1 Pet 2,20 15Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff fordi han er ein mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller fordi han har gjort urett mot andre. 16Men lid han fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.#Apg 11,26; Fil 1,20
17For no er tida komen då domen skal ta til, og han skal ta til med Guds eige folk. Men kjem domen over oss fyrst, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium? #Jer 25,29; Esek 9,6; Luk 23,31 18Og er det vanskeleg for den rettferdige å verta frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren? #Ordt 11,31 19Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.#Sal 31,6; Luk 23,46

Currently Selected:

1. Peter 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy