YouVersion Logo
Search Icon

1. Peter 5

5
Kyrkjelyden og hyrdingane
1Dei eldste mellom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast: #5,1 eldste tittel på leiarane i kyrkjelyden. Sjå Tillegg.#Tit 1,5; Rom 8,17 2Ver hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk! Ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men med ein viljug hug. #Joh 21,16+; 1 Tim 3,8 3Gjer dykk ikkje til herrar over den kyrkjelyden som de har fått ansvar for, men ver eit føredøme for hjorda. #Mark 10,42ff; 2 Kor 1,24; Fil 3,17; Tit 2,7 4Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege ærekransen.#1 Kor 9,25+
5De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. #5,5 dei eldste kan òg omsetjast dei eldre.#Ef 5,21; Ordt 3,34; Jak 4,6 6Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. #Job 5,11; 22,29; Jak 4,10 7Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.#Sal 55,23; Matt 6,25
8Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa. #1 Tess 5,6; Ef 6,11 9Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar. #Jak 4,7 10Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste. #1,6; 1 Tess 2,12; 5,24 11Han høyrer makta til i all æve. Amen.
Sluttord
12Med hjelp frå Silvanus, ein bror eg har tillit til, har eg skrive dette vesle brevet for å rettleia dykk og vitna om Guds sanne nåde. Stå fast i den!#2 Kor 1,19
13Kyrkjelyden i dette Babylon, den som er utvald saman med dykk, sender si helsing. Det same gjer Markus, son min.#5,13 Babylon truleg dekknamn for Roma. #Apg 12,12+
14Helsa kvarandre med venekyss!
Fred vere med alle dykk som høyrer Kristus til! #Rom 16,16+

Currently Selected:

1. Peter 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy