YouVersion Logo
Search Icon

1. Peter 3

3
Ord til ektefolk
1Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, #Ef 5,22+ 2når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. 3Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, #Jes 3,16ff; 1 Tim 2,9 4men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. 5For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, 6liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk.#1 Mos 18,12
7Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.#Ef 5,25+
Løn ikkje vondt med vondt!
8Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samhuga og syn medkjensle, elska kvarandre som sysken, ver miskunnsame og audmjuke. #Rom 12,14ff 9Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.#Matt 5,39+.44+; 1 Tess 5,15
10Den som elskar livet
og vil sjå gode dagar,
skal halda tunga frå det vonde
og lippene frå svikefulle ord. #Sal 34,13ff
11Han må venda seg frå det vonde
og gjera det gode,
søkja fred og jaga etter han.
12For Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,
og han vender øyra ¬til deira bøn.
Men Herren vender seg mot dei ¬som gjer vondt.
13Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode? 14Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma, #Jes 8,12f; Matt 5,10; 10,26ff; 1 Pet 2,20; 4,14 15men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig. 16Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine. #2,12 17For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt.#2,20+
Dåpen og det nye livet
18For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, #Hebr 9,28+; 1 Pet 2,21ff; 2 Kor 13,4 19og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. #4,6 20Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, #1 Mos 6–8; 2 Pet 3,9 21det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – #3,21 vedkjenning til Gud Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.#Tit 3,5+ 22han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.#Apg 2,33; Ef 1,20ff

Currently Selected:

1. Peter 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy