Galatarane 2

2
Paulus blir godteken av dei andre apostlane
1 # Apg 15,2 Fjorten år etter drog eg på nytt opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg. 2#Fil 2,16#2,2 for eg … til inga nytte eit bilete frå idrettslivet eller militærlivet. Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte. 3#2 Kor 2,13; 7,5ff.13ff; 8,6.16.23; 12,18; Gal 2,1; 2 Tim 4,3; Tit 1,4 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. 4#Apg 15,1.24; Gal 5,1.13 Det kravet kom frå nokre falske sysken som hadde lurt seg inn; dei ville spionera på den fridomen vi har i Kristus Jesus, for å gjera oss til slavar. 5Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hos dykk. 6#5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; Apg 10,34; Rom 2,11; Ef 6,9; Kol 3,25; 1 Pet 1,17 Og dei som gjekk for å vera noko – kor store dei var, er det same for meg, for Gud gjer ikkje forskjell på folk – dei la ikkje nye krav på meg. 7Tvert imot skjøna dei at det var tiltrudd meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, slik det var tiltrudd Peter å forkynna for dei omskorne. 8For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for heidningfolka. 9#2,9 søylene brukt om religiøse leiarar, ordet er òg kjent frå rabbinsk tradisjon. Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne. 10#Apg 24,17; Rom 15,25ff; 1 Kor 16,1; 2 Kor 8–9#2,10 dei fattige forsamlinga i Jerusalem. Jf. Rom 15,26. Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera.
Både jødar og heidningar blir rettferdige ved tru
11 # 2,11 Antiokia var på denne tida basen for misjonsverksemda til Paulus. Jf. Apg 14,26; 15,30.35. Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han. 12#Apg 10,28; 11,2f#2,12 nokre frå Jakob frå forsamlinga i Jerusalem, der Jakob, Jesu bror, var leiar. trekte han seg bort Jødane meinte at dei vart ureine om dei åt saman med heidningar. Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne. 13På same måten hykla dei andre jødekristne, så til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira. 14#1 Tim 5,20 Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 15Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt. 16#Sal 143,2; Rom 3,20.28; 4,5; Gal 3,11 Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig. 17Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje då Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå! 18Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, då blir eg ståande som ein lovbrytar. 19#Rom 7,1ff Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20#Joh 15,13; Rom 6,3f; Gal 5,24; Fil 1,21; 1 Joh 3,16 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til inga nytte.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring