Galatarane 1

1
Helsing
1 # Apg 22,21+; Gal 1,11f # 1,1 apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Paulus, apostel, ikkje utsend av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud, vår Far, som reiste han opp frå dei døde – 2#1,2 alle syskena … her medkristne i Efesos. Galatia Eit sentralt område i Vesleasia, det noverande Tyrkia. Det er uvisst om det er tenkt på den romerske provinsen eller landskapet Galatia. eg, Paulus, og alle syskena som er i lag med meg her, helsar forsamlingane i Galatia: 3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus, 4#Tit 2,14; 1 Joh 5,19 han som gav seg sjølv for våre synder så han etter Gud, vår Fars vilje kunne fri oss ut frå den vonde tida vi no lever i. 5#Rom 16,27; Ef 3,1; 1 Tim 1,17; 2 Tim 4,18; Jud 25#1,5 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. Han vere ære i all æve! Amen.
Berre eitt evangelium
6 # 1,6 ved Kristi nåde Andre handskrifter har «i nåde». Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium. 7#Apg 15,1.24 Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8#1 Kor 16,22; 2 Kor 11,4#1,8 forbanna vere han Tilsvarande forbanningsformlar finst i andre jødiske, kristne og gresk-romerske tekstar. Dei blir nytta om personar eller ting som er under Guds forbanning eller vreide. Jf. Rom 9,3; 1 Kor 12,3; 16,22. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han! 9#1 Kor 11,23; 15,1; Fil 4,9; 1 Tess 2,13; 2 Tess 3,6 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!
Apostelkallet til Paulus
10 # 1 Tess 2,4 Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. 11#1 Tess 2,13 For eg kunngjer dykk, sysken: Det evangeliet eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. 12#1,1 Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg. 13#Apg 8,3; 9,1f; 22,4ff; 26,9ff De har høyrt korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor hardt eg forfølgde Guds kyrkje og ville utrydda henne. 14#Apg 22,3; Fil 3,5f Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og brann endå sterkare av iver for overleveringane frå fedrane. 15#Jer 1,5; Rom 1,1#1,15 Gud, som Andre handskrifter har «han som». Men Gud, som valde meg ut allereie i mors liv og kalla meg ved sin nåde, ville i sin godleik 16#Matt 16,17; Apg 22,21+; Gal 2,7 openberra sin Son for meg, så eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje nokon av kjøt og blod til råds. 17#1,17 Arabia landet rett aust og sør for Judea. Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus. 18#Matt 16,18+; Apg 9,26#1,18 Kefas apostelen Peter. Først tre år seinare drog eg til Jerusalem for å få vita meir av Kefas, og eg vart verande hos han i fjorten dagar. 19#Matt 13,55#1,19 Jakob ein av brørne til Jesus, frå midten av 40-talet e.Kr. leiar for forsamlinga i Jerusalem. Nokon annan av apostlane trefte eg ikkje, utanom Jakob, Herrens bror. 20Gud veit at det eg skriv til dykk, ikkje er løgn! 21#Apg 9,30 Sidan kom eg til Syria og Kilikia. 22Forsamlingane i Judea, dei som er i Kristus, kjende meg ikkje personleg. 23#Apg 9,21; Gal 1,13 Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfølgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å utrydda. 24Og dei lova Gud på grunn av meg.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring