Galatarane 3

3
Lov eller tru – forbanning eller velsigning
1 # Luk 24,25; 1 Kor 2,2 Uvituge galatarar! Kven har forheksa dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for auga som den krossfeste? 2#Apg 11,17; Gal 4,6 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3#3,3 kjøtet =kjøt, kjøt og blod. Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet? 4Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte? 5Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur? 6#1 Mos 15,6; Rom 4,3 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig. 7#Rom 4,11f.16 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8#1 Mos 12,3#3,8 denne gode bodskapen =evangelium. Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9#Rom 4,16 Difor blir dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10#5 Mos 27,26 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11#Hab 2,4; Rom 1,17; Gal 2,16 Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. 12#3 Mos 18,5; Luk 10,28+ Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei. 13#5 Mos 21,23; Rom 8,3+ Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14#1 Mos 12,3; Apg 2,33 Slik skulle Abrahams velsigning koma til folkeslaga i Kristus Jesus, så vi ved trua skulle få Anden som var lova.
Lovnaden står over lova
15 # 3,15.17 testamente, pakt same ordet i den gr. teksten. Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske. 16#1 Mos 12,7; 13,15; 17,7; 24,7 Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det gjaldt mange, men det blir tala om éin, «til di ætt», og det er Kristus. 17#3,17 430 år Talet er nemnt i 2 Mos 12,40 og gjeld tida israelittane budde i Egypt. Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig. 18#Rom 4,13f; 11,6 Om vi fekk arven ved lova, ville det ikkje lenger vera på grunn av lovnaden. Men det var ved ein lovnad Gud i sin nåde gav arven til Abraham.
19 # Apg 7,38.53; Rom 4,15+; Hebr 2,2 # 3,19 ein mellommann Moses. Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann. 20Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin. 21#Rom 8,2ff Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For dersom det var gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne ein verkeleg vinna rettferda ved lova. 22#Rom 3,9ff; 11,32 Men Skrifta har lagt alt under synda, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved trua si kan få det som var lova.
23 # Hebr 9,10 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24#Rom 3,24+; 10,4#3,24 vaktaren slave som følgde borna i huset til skulen, eller som sjølv gav dei grunnleggjande undervisning og hjelpte til med oppsedinga. Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26#Joh 1,12 De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27#Rom 6,3f; 13,14 For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28#Joh 17,21; Rom 10,12; 1 Kor 12,13; Kol 3,11 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29#Rom 4,16 Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring