Salmane 51
N11NN

Salmane 51

51
1Til korleiaren. Ein salme av David, 2#2 Sam 12,1ff då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hos Batseba.
3 # Jes 43,25 Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik,
stryk ut mitt brot i di store miskunn!
4Vask meg rein for skuld
og reins meg for mi synd!
5For mine brot kjenner eg,
mi synd står alltid for meg.
6 # Job 9,2f; Luk 15,18; Rom 3,4 Mot deg åleine har eg synda,
det som er vondt i dine auge, har eg gjort.
Difor har du rett når du talar,
du er rein når du feller dom.
7 # Job 14,4; Sal 58,4; Joh 3,6; Ef 2,3 Ja, med skuld vart eg fødd,
med synd vart eg til i mors liv.
8Sjå, du gler deg over sanning i mitt indre,
du lærer meg visdom i det løynde.
9 # 4 Mos 19,18f; Jes 1,18 # 51,9 isop plante brukt til å skvetta vatn på personar el. ting i reinsingsritual. Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein,
vask meg, så eg blir kvitare enn snø.
10Lat meg få oppleva fryd og glede,
lat beina du knuste, få jubla.
11Løyn ditt andlet for mine synder,
stryk ut all mi skuld!
12 # Esek 11,19; 36,26 Gud, skap i meg eit reint hjarte,
gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 # Jes 63,11 Driv meg ikkje bort frå ditt andlet,
ta ikkje frå meg din heilage Ande!
14Gjev meg atter gleda over di frelse,
hald meg oppe med ei villig ånd!
15 # 32,8+ Eg vil læra brotsmenn dine vegar,
syndarar skal venda om til deg.
16 # 2 Sam 12,9ff # 51,16 blodskuld skuld som ein dreg på seg når ein i strid med Guds bod tek menneskeliv. Fri meg, Gud, frå blodskuld,
du Gud som er mi frelse!
Så skal tunga mi jubla over di rettferd.
17Herre, lat opp mine lepper
så min munn kan lovprisa deg.
18 # 40,7+ For du har ikkje glede i slaktoffer;
mitt brennoffer bryr du deg ikkje om.
19 # 34,19+ Offer for Gud er ei sundbroten ånd.
Gud, du foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte.
20 # 147,2f Gjer vel mot Sion i din nåde,
bygg Jerusalems murar!
21 # 4,6+ Då skal du ha glede i rette offer,
brennoffer og heiloffer.
Då skal dei ofra oksar på ditt altar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk