Salmane 50

50
1 # 50,1 Asaf songar, musikar og salmediktar av Levi-ætta. Jf. 1 Krøn 15,16f. Ein salme av Asaf.
Gud over gudar talar,
Herren ropar til jorda
der sol går opp og der sol går ned.
2 # 5 Mos 33,2; Sal 48,3 Frå Sion, det fullkome vakre,
strålar Gud fram.
3 # 97,3 Vår Gud kjem, han teier ikkje.
Framfor han går ein øydande eld,
kring han stormar det sterkt.
4Han kallar på himmelen der oppe
og på jorda, for han vil dømma sitt folk.
5 # 2 Mos 24,4ff Samla mine trugne hos meg,
dei som med offer
har gjort pakt med meg.
6 # 97,6 Himmelen forkynner hans rettferd,
Han er ein Gud som dømmer. Sela
7 # 2 Mos 20,2 Høyr, mitt folk, eg vil tala,
Israel, eg vil vitna mot deg.
Eg er Gud, din Gud.
8 # 40,7+; Jer 7,22f Det er ikkje for dine slaktoffer eg viser deg til rette,
dine brennoffer er alltid framfor meg.
9Men eg tek ikkje oksar frå ditt hus
eller bukkar frå dine kveer.
10For alt viltet i skogen er mitt,
dyra på dei tusen fjell.
11Eg kjenner alle fuglar i fjellet,
krypet på marka høyrer meg til.
12 # 2 Mos 19,5; Sal 24,1 Var eg svolten, sa eg det ikkje til deg,
for jorda og det som fyller henne, høyrer meg til.
13 # Jes 1,11; Mi 6,7 Skulle eg eta kjøt av oksar
eller drikka blod av bukkar?
14 # 5 Mos 23,21ff; Sal 61,9; 65,2; 66,13f; 76,12; 116,14.17f Du skal ofra lovsong til Gud,
oppfylla dine lovnader til Den høgste!
15 # 77,3; 86,7; Jer 33,3; Matt 7,7 Kall på meg den dagen du er i naud,
så vil eg fria deg ut, og du skal gje meg ære.
16Men til den lovlause seier Gud:
Kvifor står du og ramsar opp mine bod
og tek mi pakt i din munn?
17 # Ordt 12,1 Du har jo hata formaning
og kasta mine ord bak deg.
18Ser du ein tjuv, slår du følgje med han,
med ekteskapsbrytarar held du lag.
19Du slepper munnen laus i vondskap,
med tunga spinn du svik.
20Du sit og talar mot bror din,
son til mor di skitnar du til.
21Dette gjorde du, og eg tagde.
Du tenkte eg var nett som du.
Men eg skal visa deg til rette,
stilla saka fram for deg.
22Forstå dette, de som gløymer Gud!
Elles riv eg dykk sund,
og ingen kan berga dykk.
23 # 91,16; Luk 2,30 Den som ofrar lovsong, gjev meg ære,
den som gjer sin veg fast,
lèt eg sjå Guds frelse.

Markert nå:

Salmane 50: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring