Matteus 18

18
Himmelriket og dei små
(Mark 9,33–37; Luk 9,46–48)
1 # Luk 22,24 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3#19,14; Joh 3,3–5 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 # 10,40+; 25,40 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Forføringar og freistingar
(Mark 9,42–48; Luk 17,1–2)
6 # Luk 17,1f Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.
7Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 # 5,29f Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden. 9Og om auget lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld.
Sauen som gjekk seg vill
(Luk 15,3–7)
10 # Hebr 1,14 Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. 11#18,11 Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Luk 19,10. {{For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.}}
12 # Sal 23; Jes 40,11; Esek 34,12; Joh 10,11; 15,13; Hebr 13,20; 1 Pet 2,25; 5,4 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? 13Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. 14#2 Pet 3,9 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
Når ein bror syndar
(Luk 17,3)
15 # 3 Mos 19,17f; Luk 17,3; Gal 6,1; Jak 5,19f # 18,15 mot deg Orda manglar i somme handskrifter. Syndar bror din {{mot deg}}, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. 16#5 Mos 19,15; 1 Tim 5,19 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord. 17#2 Tess 3,6.14#18,17 tollar >5,46. Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
18 # 16,19+ Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
19 # 7,7+ Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen. 20#28,20; Joh 14,23 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»
Likninga om den hardhjarta tenaren
21 # Luk 17,3f Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?» 22Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24#18,24 ti tusen talentar svarar til 60 mill. denarar eller dagløner. =mynt. Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. 25Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast. 26Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’ 27#Luk 7,42#18,27 fekk inderleg medkjensle >9,36. Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.
28 # 18,28 hundre denarar Ein denar svarar til ei dagløn. =mynt. Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’ 29Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’ 30Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.
31Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt. 32Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. 33Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’ 34#5,25f Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.
35 # 6,14f+ Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.»

Markert nå:

Matteus 18: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring