Matteus 17

17
Læresveinane får sjå Jesu herlegdom
(Mark 9,2–13; Luk 9,28–36)
1 # 2 Pet 1,16ff Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset. 3Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han. 4Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5#5 Mos 18,15; Matt 3,17+ Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!» 6Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle. 7Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
9 # 16,20 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.» 10#Mal 4,5f#17,10 Elia >11,14. Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» 11Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk. 12#14,10 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.» 13Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.
Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd
(Mark 9,14–20.25–28; Luk 9,37–43)
14Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han 15#17,15 Herre, miskunna deg gr. Kyrie eleison. Jf. 9,27; 15,22; 20,30f; Mark 10,47f; Luk 16,24; 17,13; 18,38f. månesjuk >4,24. og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet. 16Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.» 17#5 Mos 32,5.20 Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit med guten!» 18Og Jesus tala myndig til han, den vonde ånda fór ut, og guten vart god att i same stunda.
19Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 20#21,21; Mark 11,23; Luk 17,6; 1 Kor 13,2#17,20 sennepsfrø bilete på det minste som kan tenkjast. >13,31. «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.
21 # 17,21 Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. Mark 9,29. {{Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.}}»
Jesus talar igjen om at han skal døy og stå opp att
(Mark 9,30–32; Luk 9,44–45)
22 # 16,21; 20,18f Medan dei enno gjekk omkring saman i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; 23#Hos 6,2; Matt 16,21+#17,23 tredje dagen >16,21. dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han reisast opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.
Tempelskatten
24 # 2 Mos 30,13–16 # 17,24 tempelskatten Skatten vart innkravd kvart år av alle vaksne jødar i og utanfor Israels land. På Jesu tid var skatten to drakmar, dvs. to dagløner. =mynt. Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?» 25«Jau, det gjer han», svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?» 26«Av framande», svara Peter. «Så går borna fri då», sa Jesus. 27#17,27 ein sølvmynt gr. stater, dvs. fire dagløner. =mynt. «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Ta den første fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein sølvmynt. Ta den og gjev han til dei for meg og deg.»

Markert nå:

Matteus 17: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring