Job 35

35
Elihu: Store ord og lite vit
1Elihu tok igjen til ords og sa:
2Tenkjer du at dette er rett,
seier du at du er meir rettferdig enn Gud,
3 # 9,22; 34,9 sidan du spør: «Kva gagnar det meg,
kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»
4Eg skal svara deg og venene dine:
5Lyft blikket mot himmelen og sjå,
legg merke til kor høgt skyene er over deg!
6 # 7,20 Kva gjer det vel Gud om du syndar?
Alle dine brot, kva har dei å seia for han?
7 # 22,2f Og er du rettferdig, kva gjev du då han,
kva kan han ta imot frå di hand?
8Uretten din rammar medmenneska dine,
berre menneske har gagn av rettferda di.
9Folk skrik under tung undertrykking,
ropar etter hjelp mot dei mektige.
10 # 3,3 Dei spør ikkje: «Kvar er Gud, han som skapte meg,
som lèt lovsong lyda om natta,
11som lærer oss meir enn dyra på jorda,
gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?»
12Dei ropar, men får ikkje svar
når dei møter vondskap og overmot.
13 # Joh 9,31; Hebr 11,6 Det er løgn at Gud ikkje høyrer,
at Den veldige ikkje ser.
14 # 23,8f Jamvel når du seier at du ikkje ser han,
ser han di sak, og du må venta på han.
15Men om no Gud ikkje straffar i vreide
og ikkje bryr seg om store ord,
16 # Fork 1,2 då fer Job med tomt snakk,
skjønar lite, men pratar mykje.

Markert nå:

Job 35: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring