Job 34

34
Elihu: Kven kan dømma Gud?
1Elihu tok igjen til ords og sa:
2Høyr mine ord, de vise!
Lytt til meg, de som har kunnskap!
3 # 12,11 Øyret prøver jo orda
slik ganen smakar på maten.
4Så lat oss velja det som er rett,
og saman finna ut kva som er godt.
5 # 27,2f Job har sagt: «Eg er rettferdig,
Gud har sett min rett til sides.
6 # 6,4+ Eg har rett, men blir halden for løgnar.
Eg er utan synd, men ei drepande pil har såra meg.»
7Finst det ein mann som Job?
Han fyller munnen med spott slik andre drikk vatn.
8 # Sal 1,1 Han reiser i følgje med dei som gjer vondt,
og ferdast med dei urettferdige,
9 # 9,22 for han har sagt: «Ein mann har ikkje nytte
av å søkja gunst hos Gud.»
10 # 8,3; 36,23; Rom 3,5f; 9,14 Men de forstandige, høyr heller på meg:
Det er langt frå Gud å vera urettferdig,
og frå Den veldige å gjera vondt.
11 # Sal 62,13; Jer 32,19; Rom 2,6 Han gjev oss att for våre handlingar,
gjev løn etter gjerning.
12Sann mine ord: Gud gjer ikkje urett,
Den veldige fordreiar ikkje retten.
13Kven har gjeve han tilsyn med jorda,
kven har overlate heile verda til han?
14Om han berre tenkte på seg sjølv
og heldt anden, pusten sin, tilbake,
15 # 1 Mos 2,7; 3,19; Sal 104,29; Fork 12,7 då ville kvar levande skapning døy
og mennesket venda attende til støv.
16Har du forstand, så høyr dette!
Lytt til det eg seier!
17Kan ein som foraktar retten, dømma andre?
Dømmer du den skuldig som er mektig og rettferdig?
18Vil nokon kalla kongen ein kjeltring,
eller seia: «skuldig» til stormenn?
19 # 5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; Ordt 17,5; Apg 10,34; Rom 2,11 Men Gud tek ikkje omsyn til hovdingar,
vel ikkje rikfolk framfor fattige.
Dei er alle verk av hans hand.
20 # 2 Mos 12,29; 2 Kong 19,35 Dei døyr i hast midt på natta,
folk blir skaka opp og går til grunne.
Sjølv mektige vik, men ikkje for menneskehand.
21 # 31,4; Ordt 5,21; Jer 16,17; 23,24 Guds auge følgjer kvar manns vegar,
kvart steg ser han.
22 # Sal 139,11f Ikkje noko mørker, ingen dødsskugge
kan løyna dei som gjer urett.
23Han gjev ikkje lang frist
før mennesket må møta i Guds rett.
24 # 18,15; Dan 2,21; Luk 1,52 Han knuser mektige utan forhøyr,
set andre i deira stad.
25Han legg merke til det dei gjer.
Ei natt slår han dei over ende og knuser dei.
26Han straffar dei som lovlause
ein stad der alle ser.
27For dei vende seg bort frå han
og gav ikkje akt på hans vegar.
28 # 1 Mos 4,10; 2 Mos 3,7.9; Sal 9,13 Då nådde ropet frå dei fattige til han,
han høyrde skriket frå dei hjelpelause.
29Om Gud teier, kven kan dømma han?
Om han løyner andletet, kven kan sjå han?
Han er over kvart folkeslag og kvart menneske,
30så ingen ugudeleg får vera konge
og leggja snarer for folket.
31 # 31,1–37 Har vel du sagt til Gud:
«Eg har gjort ein eid og vil ikkje bruka vald.
32Og det eg sjølv ikkje ser, må du visa meg
så eg ikkje held fram med å synda.»
33Skal Gud løna deg som du ønskjer når du avviser han?
Det er du som må velja, ikkje eg.
Sei det du veit!
34Kvar vis mann som høyrer på meg,
ja, alle forstandige menneske, vil seia til meg:
35 # 38,2 «Job talar utan kunnskap,
orda hans manglar meining.
36Lat Job for alltid prøvast,
han svarar som ein ugjerningsmann.
37Han legg brot til si synd
og spottar midt iblant oss,
bruker store ord mot Gud.»

Markert nå:

Job 34: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring