Jeremia 5

5
Kvifor skulle eg tilgje deg?
1 # 1 Mos 18,23ff; Jer 6,10; Mi 7,2 Gå rundt i Jerusalems gater,
sjå og forstå,
leit på torga hennar
og prøv å finna ein,
ein einaste, som gjer rett
og søkjer truskap,
så eg kan tilgje byen.
2Dei seier «så sant Herren lever»,
men sver likevel falskt.
3 # Jes 9,13; Jer 2,30 Herre, auga dine ser etter truskap.
Du slo dei,
men dei kjende ikkje smerte,
du gjorde ende på dei,
men dei nekta å ta lærdom av det.
Dei gjorde andleta hardare enn stein
og nekta å venda om.
4Eg tenkte:
Dei er berre små og tåpelege,
for dei kjenner ikkje Herrens veg,
sin Guds rett.
5 # Sal 2,3; Jer 2,20 Eg vil gå til dei store
og tala med dei,
for dei kjenner Herrens veg,
sin Guds rett.
Men dei har alle brote åket
og slite lenkjene sund.
6 # 4,7; Hos 13,7 Difor skal løva frå skogen slå dei ned,
ulven frå øydemarka skal herja,
ved byane ligg leoparden på lur,
alle som går ut, blir rivne i hel.
For brota deira er mange,
gong på gong har dei falle frå.
7 # 5 Mos 32,15; Hos 13,6 # 5,7 rispa … seg opp rite knytt til Baal-dyrkinga, jf. 1 Kong 18,28; Jer 16,6; 41,5; 47,5; 48,37; eller sørgjeskikk, jf. 5 Mos 14,1; Mi 4,14. =sørgjeskikkar. Kvifor skulle eg tilgje deg dette?
Sønene dine har forlate meg
og svore ved gudar som ikkje er gudar.
Eg metta dei, men dei braut ekteskapet,
i horehuset rispa dei seg opp.
8Dei er brunstige, velfødde hestar,
kvar mann vrinskar etter kona til grannen.
9 # 5,29; 9,9 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,
seier Herren,
skulle eg ikkje hemna meg
på eit folkeslag som dette?
10 # 2,21; 4,27; Esek 6,8 Gå opp på terrassane i vinmarka
og øydelegg dei, men ikkje heilt!
Ta bort vinrankene,
for dei høyrer ikkje Herren til.
11For dei har vore trulause mot meg,
både Israels og Judas hus,
seier Herren.
12 # Sal 10,4; Jer 14,13f Dei fornektar Herren og seier:
«Han finst ikkje,
ulukka kjem ikkje over oss,
sverd og svolt skal vi ikkje sjå.
13Profetane skal bli til vind.
Dei har ikkje ordet i seg.
Slik skal det gå med dei.»
14 # 23,29 Difor seier Herren, allhærs Gud:
Sjå, fordi de talar slike ord,
gjer eg mine ord i din munn til ein eld
og dette folket til ved
som elden skal øyda.
Fienden et opp alt
15 # 5 Mos 28,49ff; Jes 28,11; 33,19; Jer 6,22ff Sjå, Israels hus, eg sender mot dykk
eit folkeslag frå det fjerne,
seier Herren.
Det er eit mektig folkeslag,
eit folk frå gammal tid.
Du kjenner ikkje språket deira
og skjønar ikkje kva dei seier.
16Pilkoggera deira er som ei open grav,
krigarar er dei alle.
17Dei et kornet og brødet ditt,
dei et sønene og døtrene dine,
dei et småfeet og storfeet ditt,
dei et vinstokkane og fikentrea dine.
Festningsbyane dine, som du lit på,
skal dei utsletta med sverd.
18 # 4,27; 30,11 Men jamvel i dei dagane, seier Herren, vil eg ikkje øydeleggja dykk heilt. 19#16,10ff; 17,4; 22,8f Når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette mot oss?» – då skal du svara: «Slik de forlét meg og tente framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje er dykkar.»
Fryktar de meg ikkje?
20Kunngjer dette i Jakobs hus,
og lat det høyrast i Juda:
21 # Jes 6,9f; Jer 4,22; 6,10 Høyr dette, du tåpelege og uvituge folk
som har auge, men ikkje ser,
og øyre, men ikkje høyrer.
22 # Job 38,8.11; Sal 104,6ff Fryktar de meg ikkje, seier Herren,
skjelv de ikkje for mitt andlet?
Eg la sand til grense for havet,
ei evig grense som det ikkje kjem over.
Bølgjene slår, men klarer det ikkje,
dei bryt, men slår ikkje over.
23 # Jes 1,4 Men dette folket har
eit trassig og opprørsk hjarte,
dei har vike av og gått bort.
24 # 3 Mos 26,4; 5 Mos 11,14; Jes 30,23; Apg 14,17 Dei seier ikkje i hjartet sitt:
«Lat oss frykta Herren vår Gud,
han som gjev regn i rett tid,
både haustregn og vårregn,
og passar på vekene
som er fastsette for oss til innhausting.»
25 # 3,3 Men dette er kome i ulage på grunn av skulda dykkar,
syndene held det gode borte frå dykk.
26For det finst urettferdige i folket mitt.
Dei ligg på lur som fuglefangarar i dekning,
set feller og fangar menneske.
27 # Sal 73,3.12 Som ei korg full av fuglar,
slik er husa deira.
Dei er fulle av svik.
Difor har dei vorte store og rike,
28 # 2 Mos 22,22; Sal 73,7; Jes 1,23; Jer 7,6 tjukke og feite.
Det fløymer over av vonde ord:
Dei dømmer ikkje rett
så farlause kan vinna fram med si sak,
og dei hjelper ikkje fattige til deira rett.
29 # 5,9 Skulle eg ikkje straffa dei for dette,
seier Herren,
skulle eg ikkje hemna meg
på eit folkeslag som dette?
30 # 23,14 Forferdelege og gruelege ting
skjer i landet.
31 # Jes 10,3; Jer 20,6 Profetane spår løgn,
prestane styrer etter deira råd,
og folket mitt vil ha det slik.
Men kva vil de gjera
når dette tek slutt?

Markert nå:

Jeremia 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring